Pelle sin lagringsplass, ædda bædda leif

Friday, October 06, 2006

Lysande framtid for PIHK

Framtida til Pøkkers ser lys ut for tida med gjennomsnittleg rekord-oppmøte på treningane kvar onsdag.

3 juniorar har kome til klubben og imponert seniorane. Gunnar, Lil Big Gun, Onarheim har vore med oss ei stund, og viser gode takter. Rodrigo, Diddy, Bruaas har kun vore på 1 trening hittil grunna skader og sjukdom, men imponerte då stort og virkar lovande som arvtakar for Jan André Kvam i PIHK-buret. Eirik Rømo hadde ein pangdeby på sist trening då han rundspelte gamlingane og viste fram nydelege kombinasjonar med tidlegare nemnde Onarheim.

PIHK's nye spelar Tim Olstad har imponert stort hittil. Innehavaren av mangt eit svart belte har irritert dei fleste av PIHK spelarane med sitt utruleg låge tyngdepunkt. Samt ei emne til å vere akkurat der han skal til einkvar tid - eller der han helst IKKJE skulle ha vore - dersom du spelar på det andre laget.
Vår andre nye spelar Mads A. Therkelsen har også imponert stort, men det vert nok litt urettferdig å samanlikne han med resten av gjengen, då denne karen faktisk har ei lovande framtid innanfor sporten. Ein mildt sagt viktig defansiv spelar for PIHK.
I tillegg har PIHK fakka interessa til Jan Helge Elvekrok, ein vaskekte Jostedøl. Som Fjøra-spelar kan ein vel også lett påstå at han held eit høgt nivå.

Med andre ord har det vore ei tilfredsstillande rekrutering til PIHK dette året, der kvalitet tydelegvis har gått foran kvantitet - slik det bør gjere. Spørsmålet no er berre om ein skal stille med eitt eller to lag i KL.

På tampen må eg få skryte litt av ein (no) senior-spelar som har haldt eit høgt og jamnt nivå på treningane i det siste, nemleg Geir Arne Kvam. Det er ikkje mange av veteranane som syner slik innsats som denne karen har gjort.

1 comment:

Anonymous said...

Geir Arne e so snexy i kvinneklær