Pelle sin lagringsplass, ædda bædda leif

Tuesday, November 28, 2006

Falske rykter om Pelle-overgang


Eg har merka meg at det er mykje snakk om at eg er i ferd med å gå over til den tyske klubben Hamburg, men eg kan herved avkrefte desse ryktene. Dersom du sjekkar artikkelen til VG er det jo tydeleg at dei slit litt med å få tak på skikkelige fakta. Idiotane klarar jo ikkje å få namnet mitt, moderklubben eller bilde korrekt...
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=169375

Eg kjem til å halde til i PIHK til den dagen eg døyr.

Kvar blir det av Pøkkersfilmen 2?


Etter kjempefloppen "Pøkkersfilmen", låg det lenge i lufta for en oppfølger. "Pøkkersfilmen 2", eller "Pøkkersfilmen 2 part 1", skulle etter planen spillast inn i sommer, men det vart den ikkje som nokon sikkert ha fått med seg. "Me sparka hovudrolleinnhavaren og fant ikkje nåken god erstattar." "Me ventar til HD-kameradn e billige." "Hina deg, manus suge eg mao skriva nåke bedre." "Pimp-productions nekta å flekka fram eit heilt laken." Unnskyldingene er mange, og for så vidt gode. Det som er sant er at ”Pøkkersfilmen 2”-prosjektet ikkje er lagt død. Faktisk så er ein heil del av filmen allerede i boks. Nokre scener er faktisk spillt inn, og ein del av CG-grafikken er ferdig.(Blandt anna ein jordklode-modell i 3D-studio Max som Leif har slete med i fleire år.) Sanninga er at Pøkkersfilmen 2 aldri vil bli lagt på is...aldri. Om det ikkje blir film, så vil vertfall ryktet om ein film alltid leve. Og skulle regisør Leif bli desperat nok kan han alltids kalle den kommande filmen "Last night as a free man", med Jonny i huvudrollen, for "Pøkkersfilen 2." Men film blir det. Om det skal ta oss tredeve år, og tjue forskjellige videokameraer. Teink for ein film det kan bli. Den begynner med standard amatør-kvalitet og går over i amatør HD-kvalitet for så ende opp i full 3D. Teink så kult det blir. For ikkje å snakke om at Pelle, som har hovudrollen, blir 30 år eldre i ein film som forgår over ei veke.

Saturday, November 25, 2006

Summa sumarum: Kjempenes Liga

Både PIHK Pro og PIHK Elite vann den eine av sine tre kampar i det innleiande spelet i Kjempenes Liga. Dette var diverre ikkje nok til å kome vidare i turneringen, og Pøkkers kunne slappe av resten av helga. Det mangla ikkje med innsats frå dei to PIHK-laga, og som vanleg i KL var laga forfulgt av domarfeil og uflaks. Frå å tidlegare ha skapa ein del skader på andre lag, vart det no oppført ein skade på PIHK Pro laget. Eit minutt før den fyste kampen til Pro var slutt klarte Geir Arne Kvam å tråkke over og forstue foten slik at den såg ut som ein møgla melon.


Ein stor takk går til Sigbjørn Haugen som stillte opp som innleigd keeper for PIHK Pro. Ekstra moro var det også at PIHK-pensjonistane Steinar Eggum, Geir Eggum og Andreas Bjelde gjorde eit lite comeback i turneringa. Det viste seg å vere vellukka, då alle 3 var involverte i målgivande situasjonar.

Min andre store takk går til Eirik og Lil Big Gun som gadd å filme ALLE kampane, samt å intervjue PIHK-spelarar, motspelarar og tilfeldige utplukka offer mellom kampane. Så får me berre håpe Leif Arve får tid til å lage ein liten film ut av alt materiale. PIHK-styret forventar ein ny kassasuksess med multiple angles og eit heftig soundtrack.

Takk til PIHK gjengen for nok ei uforgløymeleg oppleving. Neste år kjem sterkare tilbake.

Du kan sjå fleire uklåre bilete på www.clix.to/kinapelle

Wednesday, November 22, 2006

Kven i sinnsjuke satan er Tom Navarsete?

Pøkkers vil å år gjere sin beste kjempenes liga nokongong. Eg forklarar:

1. Me har to lag. Altså dobbelt så stor sjanse for å vinne.
2. Me har mindre folk pr. lag. Det vil bli ein "never before seen" stabilitet på begge lag. Ikkje spelarbytte i hue og rævva.
3. Me har mange nye stortalent. Tom Wolf kjenner berre til fotballspelara som er født den gang Beatles og marijuana vart poppis.
4. Mange spelara er i sitt livs form avdi mange har fast følge.
5. Resten av spelarane er i sitt livs form avdi mange vil væra deiras faste følge.
6. Pøkkers har vært uheldig med dommarane opp gjennom Kjempenes Liga-eraen. I år skal første dommarfeil straffes med "accidental" ballespark.
7. Kenneth Aardal er meir matchvinnar enn nokon gong. Han er matchvinnar kvar kveld. Av og til fleire gonger kvelden.
8. Per Helge HAR faktisk teke med seg gule piller på brunt glas frå Kina.
9. Pøkkers spiller hardt, og PIHK-elite skal spille tidlig om morgonen på lørdag. Ryktet seier at Pøkkers er hardast om morgonen???!!!
10. Kven i sinnsjuke satan er Tom Navarsete?

Tuesday, November 21, 2006

Tom i hodet, eller meistar i analysering?

Tom Navarsete har gått gjennom gruppene i Kjempenes Liga, dette er det han har å seie om PIHK sine to lag:

Gruppe C:
Me trur Pøkkers Pro endar sist. Dei skulle ha satsa på å fått eit godt lag, og ikkje delt det opp i to. No er da deiras eiga avgjersle, men me meinar den er feil. Dette blir diverre for tunt, sjølv om dei har nokre gode spelarar. Men får dei flyten, for flyt må dei ha… so kanskje, kven veit.

Gruppe D:
Me trur Pøkkers Elite ikkje går vidare. Hadde ein matchvinnar i Kenneth Aardal, men han har prioritert kjærleiken i vinter og det kan umogleg slå positivt ut for dette laget. Rapporterast å vera totalt ute av form. Har nokre bra spelarar i forsvar, men dette blir for veikt. Men tradisjonen tru, dei kjeme til å selje seg dyrast mogleg. Manager Hågvar har vore i Kina i fjor vinter, og kanskje han har fått med seg nokre gule piller på brunt glas, for det treng dette laget.

PIHK sigrar i treningskamp nr 2


I kveldens treningskamp mot damelaget "Mafiaen" tok eit blanda Pøkkers lag ein hårfin siger over chicksa. Frøken Gustavsen i Mafia-buret imponerte, men kunne ikkje hindre PIHK i å stikke av med sigeren i kveld. Man of the match på PIHK må vel heilt klart seiast å vere Pelle (bildet), som med sin veltrente og lekre kropp holdt Pøkkers-buret reint gjennom alle 4 omgangar.

Mafiaen har mange gode kvalitetar, og er PIHK sitt favoritt-lag i dameavdelinga i Kjempenes Liga.
PIHK støttar sjølvsagt Mafiaen!

Sunday, November 19, 2006

PIHK - BULLS : 10 - 7

PIHK hadde ein liten treningskamp mot Sogndal Bulls torsdags kveld. Etter 4 omgangar var resultatet 10 - 7 til Pøkkers, og champagnespruten stod i taket. Denne vesle sigeren kan love godt med tanke på Kjempenes Liga, men så må det seiast at PIHK spelte med eit blanda lag, og ikkje inndelt slik dei kjem til å vere i KL.

Monday, November 13, 2006

Har du ei heimeside?


Då bør du legge ut ein pøkkersblog link på sida di. Du kan bruke banneren vår om du vil. Berre klikk på bildet og lagre det. Enjoy!

Thursday, November 09, 2006

Det kryr av pøkkers-videoar del 2

Her er nokon fleire. Den eine med vår store stjerne Pelle og den andre med ein ny, ukjendt karakter. La oss kalle han "Per Provoser"


Pelle: http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1750678

Per Provoser: http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1748901

Tuesday, November 07, 2006

Fronaldo på djupt vatn

Ny videosnutt på gang, som er litt foruroligane denne gongen.

Sjå den her:

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1746321

Thursday, November 02, 2006

Slutten på PIHK?

Noko som kan vise seg å vere slutten på den etterlengta oppfølgjaren Pøkkersfilmen 2 har leke ut på nettet. Det er veldig trist om den dyre produksjonen no har vorte utsatt for lekasjar, men PIHK har ikkje kome med nokon kommentar til klippet.

Du kan sjå videoklippet her:
http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1738175

Frank Robert på dansegolvet


Enda eit nytt videoklipp har dukka opp. Denne gongen har Frank Robert Værn sin utradisjonelle innsats på dansegolvet vorte foreviga.

Sjå snutten her:
http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1738122

Enda ein PIHK-spelar til Fjøra

Sogndal Pøkkers sin ferske spelar Mads A. Therkelsen har no signert kontrakt med Fjøra. Dermed blir han dobbel lagkamerat med Pøkkers-veteran Frode Kvam, samt PIHK-hangarounds som Jan Helge Elvekrok, Ole Petter Hatlevoll og Bujar Gashi. Er det ikkje snart på tide at Fjøra byrjar å betale PIHK for den jobben dei gjer med å dyrke, vedlikehalde og skaffe nye Fjøra-spelarar?

http://fjora.no/Flash/nyhende/2006/okt/therkelsen_klar.htm

Wednesday, November 01, 2006

Utruleg kjedeleg Pøkkers blog

...og dette takka ein stk Pelle. Den siste tida har Pøkkers blogen blitt fyllt med kjedeleg Kjempenes Liga-stoff. Ærleg tala Per...KE mange lagoppsett greie du å pressa ut ao danna mafia-gjengen din? Kem bryr seg? Nei, takk for at Leif er her for å redde lesera frao å drukna i fotball-bullshit. Her er nokre nye morsomme klipp.

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1732719

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1733718

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1733731

Her er eit klipp frao dan kommande Pøkkersfilmen 2

http://www.grapheine.com/bombaytv/v2/play.php?id=51924