Pelle sin lagringsplass, ædda bædda leif

Wednesday, December 20, 2006

Tenacius D and the pick of destiny

Snart kjem Tenacius D-filmen The pick of destiny. Personlig so trur eg den blir knall. Her er ein liten smakebit.

Saturday, December 16, 2006

Geir Eggum med overstått

Fredag 15. desember fyllte Geir Eggum 22 år. PIHK-veteranen held seg for tida i Bergensområdet og er ei viktig brikke i PIHK sin avdeling der.

Gratulerar med overstått.

Thursday, December 14, 2006

Tim "Ninja Turtle" Olstad 18 år

Tim'ern fyllte 18 år i går uten å sei frå. Olstad er ein av dei nyaste PIHKane i klubben, og har på rekordtid imponert gamlegutta i klubben. Det er ingen tvil om at han er eit viktig tilskot til klubben, det beviste han også med mykje godt spel i KL.

Gratulerar med overstått Tim.

Wednesday, December 13, 2006

Eit innblikk i Leifen sitt "laid back" liv - No'limit cash-game for første gang

(Åtavarar om særskild dårleg rettskriving!)

Det nærmar seg Jul igjen, men for denna guten kom Julafta og Helvete tidleg for ca 1,5 år sidan. Det var seinvinter og eg kjeda meg som vanleg. Eg lasta opp Centrebet poker på maskina mi og tenkte at eg burde prøve meg på litt no'limit holdem cash-game. Akuratt kor mykje penger er starta med hugsa eg ikkje, eg trur det var rundt 20 $, men eg hugsa godt kva hand eg fekk. AT(A og ein 10). Det var 3 stykker med på floppen. Floppen kom med AAx. Hjara byrja å banke. Potten var forholdsvis liten for øyeblikket, men det var mange som sikkert ville ha ein bit. Dei andre byrja å satse og eg måtte jo berre gå all-in. Sidan dei andre hadde meir penger enn meg så vart det ein hovudpott(som eg var med i) på enorme 86 $(ca 550 kr). Resten endte opp i ein sidepott mellom dei andre.

På turn kom det ein T. JESSSSSSSS!!! Hjarta banka nå i ekspressfart. Dette var på tidspunktet den dessidert største potten eg nokon gong hadde blitt innvolvert i. Med eit fullt hus såg det riktig bra ut. På river kom et meningsløst kort. Potten vart skuffla bort til meg og eg sette i eit gledesrop inni meg. 86 $. Nice. Eg gjorde som alle vetige folk ville gjort. Eg tok penga og stakk. No skulle eg berre vente litt i "pokerlobbyen" for å bekrefte at pengene kom inn på pokerkontoen min...

...men tiden gjekk og ingenting skjedde. "Hmm. Eg vant jo potten. Det var det ingen tvil om. Det hender jo at klienten er treig med å overføre pengene, men de får no være grenser ," teinkte eg. Men so traff det meg! Eg forta meg med å bla ned til pokerbordet som eg nettopp sat på. Tankane mine peikte på ein einaste ting. Men det kunne vel ikkje være sant. "Å fy faen, eg spyr!"...

Jepp! Eg hadde satt meg ned på eit play-money bord utan å merke det.

Friday, December 08, 2006

James Bond nr. 49? - Casino Royale

Før eg byrjar vil eg berre sei at eg regelrett hatar dei fleste James Bond filmene til dags dato. Alt frå skurkane til hovudrolleinnhavarane har våre heilt mongis. Vi kjenner James Bond best som Roger Moore, Sean Connery og sjefskuken sjølv, Pierce Brosnan. Kva pokker har desse tre til felles med ein spesialagent? INGENTING! Dei er alle halvfeite-, bleikfeite-, halvgamle-, out-of-shape- og washed-out-flæskeræver. Sjølv den mest udugelige skurk ville dansa på grava til heile gjengen etter ca 3 minutter i det virkelige liv. Det næraste me har komme James Bond til no er Timothy Dalton. Han greier seg ok. Ikkje meir.

Ok. Då har me fått det ut av vegen. No er det på tide å sjå litt på den siste Bond-filmen, Casino Royale. Me har fått ein ny James Bond, nemleg Daniel Craig. Eg har høyrd mange har klaga på at den nye James Bond er blond. Til det vil eg berre seie..."Kva pokker i sinnsjuke satan har det med saken å gjera?" Daniel Craig er tidenes råaste og kulaste James Bond. Endeleg har James Bond fått musklar og skuespelartalent. Endeleg har James Bond fått seg ein god manusforfattar og produsent. Endeleg har James Bond fått seg ein bra intro. Hadde ikkje den forrige filmen Madonna i seg? I say no more. Gå og sjå Casino Royale. Du vil ikkje angra. Til og med Jansen anbefalar den.

Friday, December 01, 2006

Kva skjer på Barsnes?



Her om dagen surfa eg litt rundt og havna på bloggen til Pelle. Etter å ha lest gjennom nokre av innlegga frå "Everyday Pelle" som han kaller seg, så vil eg berre sei ein ting...


Eg er skremt. Ein "post" frå oktober fekk det til å grøsse nedover ryggen. Der hadde nemleg Pelle lagt ut eit bilde frå Barsnes som minna meg om posteren til ein skummel skrekkfilm. Bildet kan du sjå sjølv her. Eg må sei eg er sjokkert. Kva skjer egentlig på Barsnes for tiden? Eg er temmelig sikker på at det som dingler i trærne er menneskeføter. Anyway så er eg vertfall ikkje interessert i å møte "Weekend Pelle."