Pelle sin lagringsplass, ædda bædda leif

Wednesday, January 31, 2007

Ny Ølnes-PIHK kome til verda

Onsdag 31. januar, kl 1745, kom Joakim Ølnes til verda. 3,3 kg og 49 cm lang ligge alt til rette for ein teknisk, kjapp spelar som i likheit med faren, PIHK-veteranen Jonny Ølnes, sikkert vil finne seg godt til rette i ein spissposisjon.

PIHK gratulerar mor, far og storebror!!!

Tuesday, January 16, 2007

Forsinka PIHK-Julebord Laurdag 17. februar

Laurdag den 17. februar, 2007 vert det arrangert PIHK-julebord på Sogndal Hotell.
Alle noverande og tidlegare spelarar og stjerner er inviterte, med følgje om ynskjeleg.


Av mat kan du velje mellom fylgjande 2 alternativ:

* Varm Juletallerken (Pinnekjøt, svineribbe, medisterkake med tilbehøyr)
kr 210 pr person

* Pinnekjøttallerken (Pinnekjøt, poteter, kålrotstappe etc.)
kr 265 pr person

Bindande påmelding må vere inne til den 31. januar til
Pelle Pels som
SMS eller ein hyggjeleg samtale til 971 73 752.

Denne invitasjonen går ut som SMS ein av dei næraste dagane.

Tuesday, January 02, 2007

Andreas Bjelde 26 år

PIHK -veteran Andreas Bjelde fyller 26 år i dag. Kaupsingen gjorde eit lite comeback for PIHK i Kjempenes Liga i fjor, og håpar på at han skal få følgje opp comebacket ved å delta på treningar dette året. Han spelar i tillegg uprofesjonell fotball for Kaupanger, men prioriterar sjølvsagt Pøkkers framfor alt.

Gratulerar med dagen Bjelde!

Monday, January 01, 2007

Godt nytt PIHK-år

Styret i PIHK vil gjerne få ynskje alle medlemmar og fans eit godt nytt år.

2006 var eit vanleg år for PIHK, der me såg ein ganske standard ekspansjonsrate med tanke på antal nye soldatar.

Planane for 2007 kan logisk nok ikkje bli lagt ut på internettet av sikkerheitsmessige orsaker. Men av dei offentege og meir sosiale planane for det fyste halvåret kan me nevne at det vert eit forsinka julebord, biljardturnering, samt den årlege Playstationturneringa.

Rykta om at det kjem til å skje endringar i PIHK-styret kan verken bekreftast eller avkreftast på dette tidspunktet.

PIHK håpar du får eit tilfredstillande år i 2007.