Pelle sin lagringsplass, ædda bædda leif

Tuesday, February 27, 2007

TRENING 28. februar

Hugs trening i morgon kl. 2100 i Storhallen. Gudfaren har kjøpt inn 2 nye Umbro Astro ballar MED luft i, så dette vert bra!

Monday, February 26, 2007

Bilete frå julebordet




Julebordet i helga var ein braksuksess, og no har eg lagt ut mange vene bilete på bløggen min www.clix.to/kinapelle




Tuesday, February 20, 2007

Endeleg klart for trening igjen!


Førstkomande ONSDAG (21. feb) kl 2100 vert det PIHK trening i storhallen att. Det vert same ordning som før, med 1/6 bane denne onsdagen og neste. Etter dette hadde ikkje storhallen noko oversikt på kva som vil skje.
Puss skoa, kvess knottane og kom.

Sunday, February 18, 2007

Nils Arne klar for Julebord

Nils Arne Torstad har kontakta gudfaren og kan fortelje at han skal gjere alt i si makt for å rekke julebordet førstkomande laurdag. Dermed er det 14 stk påmeldte til julebordet.

Tuesday, February 13, 2007

Julebord 24. februar kl 2000

Det har no vorte fastslått at det vert eit litt forsinka PIHK-julebord Laurdag 24. februar kl 2000. Det går ned på Sogndal Hotel, med desse foreløbig 13 påmeldte:
Jan André

Geir Arne
Frode
Geir Sveinung
Leif Arve
Pelle
Jonny
Frank Robert
Fred David
Øystein
Lars Håkon
Nils Sander
Tim
Dersom du vil vere med, men ikkje har fått meldt deg på - så send ein melding fort som føkk til Pelle: 971 73 752
Me får det nok minst like moro som den unge vakre mannen på bilete.

Friday, February 09, 2007

Pihk-blog med ny utsjånad


Bloggen har fått seg ein fornying. Om det blir suksess eller fiasko får tiden vise. Ellers kan eg få seie at eg(Leif) har vunnet min første pokerturnering. Sigeren kom i boks på lørdag. Med et startfelt på 216 stykker kom EG først, uten store problemer. Meir om det seinere ;)

Wednesday, February 07, 2007

Idsø fram frå gløymselen


Slemme som me er gløymte me å leggje ut gratulasjonar til Bjarte Idsø som fylte 25 år den andre februar.

Me håpar du kan tilgje oss og at du veit at me ELSKAR deg.

Tuesday, February 06, 2007

Julebordet utsatt?

Grunna laber interesse vert julebordet MEST TRULEG flytta til den 24. februar. Eg trur eg har fått sendt rundt meldingar til dei fleste, men uansett må du gi beskjed fort som fløkk om du skal vere med!!!

tlf: 97173752

Monday, February 05, 2007

Frankis fyller år!

Gratulerar med dagen 4. februar pusekatta.

PIHK luvs ya!

Wednesday, January 31, 2007

Ny Ølnes-PIHK kome til verda

Onsdag 31. januar, kl 1745, kom Joakim Ølnes til verda. 3,3 kg og 49 cm lang ligge alt til rette for ein teknisk, kjapp spelar som i likheit med faren, PIHK-veteranen Jonny Ølnes, sikkert vil finne seg godt til rette i ein spissposisjon.

PIHK gratulerar mor, far og storebror!!!

Tuesday, January 16, 2007

Forsinka PIHK-Julebord Laurdag 17. februar

Laurdag den 17. februar, 2007 vert det arrangert PIHK-julebord på Sogndal Hotell.
Alle noverande og tidlegare spelarar og stjerner er inviterte, med følgje om ynskjeleg.


Av mat kan du velje mellom fylgjande 2 alternativ:

* Varm Juletallerken (Pinnekjøt, svineribbe, medisterkake med tilbehøyr)
kr 210 pr person

* Pinnekjøttallerken (Pinnekjøt, poteter, kålrotstappe etc.)
kr 265 pr person

Bindande påmelding må vere inne til den 31. januar til
Pelle Pels som
SMS eller ein hyggjeleg samtale til 971 73 752.

Denne invitasjonen går ut som SMS ein av dei næraste dagane.

Tuesday, January 02, 2007

Andreas Bjelde 26 år

PIHK -veteran Andreas Bjelde fyller 26 år i dag. Kaupsingen gjorde eit lite comeback for PIHK i Kjempenes Liga i fjor, og håpar på at han skal få følgje opp comebacket ved å delta på treningar dette året. Han spelar i tillegg uprofesjonell fotball for Kaupanger, men prioriterar sjølvsagt Pøkkers framfor alt.

Gratulerar med dagen Bjelde!

Monday, January 01, 2007

Godt nytt PIHK-år

Styret i PIHK vil gjerne få ynskje alle medlemmar og fans eit godt nytt år.

2006 var eit vanleg år for PIHK, der me såg ein ganske standard ekspansjonsrate med tanke på antal nye soldatar.

Planane for 2007 kan logisk nok ikkje bli lagt ut på internettet av sikkerheitsmessige orsaker. Men av dei offentege og meir sosiale planane for det fyste halvåret kan me nevne at det vert eit forsinka julebord, biljardturnering, samt den årlege Playstationturneringa.

Rykta om at det kjem til å skje endringar i PIHK-styret kan verken bekreftast eller avkreftast på dette tidspunktet.

PIHK håpar du får eit tilfredstillande år i 2007.