Pelle sin lagringsplass, ædda bædda leif

Wednesday, December 20, 2006

Tenacius D and the pick of destiny

Snart kjem Tenacius D-filmen The pick of destiny. Personlig so trur eg den blir knall. Her er ein liten smakebit.

Saturday, December 16, 2006

Geir Eggum med overstått

Fredag 15. desember fyllte Geir Eggum 22 år. PIHK-veteranen held seg for tida i Bergensområdet og er ei viktig brikke i PIHK sin avdeling der.

Gratulerar med overstått.

Thursday, December 14, 2006

Tim "Ninja Turtle" Olstad 18 år

Tim'ern fyllte 18 år i går uten å sei frå. Olstad er ein av dei nyaste PIHKane i klubben, og har på rekordtid imponert gamlegutta i klubben. Det er ingen tvil om at han er eit viktig tilskot til klubben, det beviste han også med mykje godt spel i KL.

Gratulerar med overstått Tim.

Wednesday, December 13, 2006

Eit innblikk i Leifen sitt "laid back" liv - No'limit cash-game for første gang

(Åtavarar om særskild dårleg rettskriving!)

Det nærmar seg Jul igjen, men for denna guten kom Julafta og Helvete tidleg for ca 1,5 år sidan. Det var seinvinter og eg kjeda meg som vanleg. Eg lasta opp Centrebet poker på maskina mi og tenkte at eg burde prøve meg på litt no'limit holdem cash-game. Akuratt kor mykje penger er starta med hugsa eg ikkje, eg trur det var rundt 20 $, men eg hugsa godt kva hand eg fekk. AT(A og ein 10). Det var 3 stykker med på floppen. Floppen kom med AAx. Hjara byrja å banke. Potten var forholdsvis liten for øyeblikket, men det var mange som sikkert ville ha ein bit. Dei andre byrja å satse og eg måtte jo berre gå all-in. Sidan dei andre hadde meir penger enn meg så vart det ein hovudpott(som eg var med i) på enorme 86 $(ca 550 kr). Resten endte opp i ein sidepott mellom dei andre.

På turn kom det ein T. JESSSSSSSS!!! Hjarta banka nå i ekspressfart. Dette var på tidspunktet den dessidert største potten eg nokon gong hadde blitt innvolvert i. Med eit fullt hus såg det riktig bra ut. På river kom et meningsløst kort. Potten vart skuffla bort til meg og eg sette i eit gledesrop inni meg. 86 $. Nice. Eg gjorde som alle vetige folk ville gjort. Eg tok penga og stakk. No skulle eg berre vente litt i "pokerlobbyen" for å bekrefte at pengene kom inn på pokerkontoen min...

...men tiden gjekk og ingenting skjedde. "Hmm. Eg vant jo potten. Det var det ingen tvil om. Det hender jo at klienten er treig med å overføre pengene, men de får no være grenser ," teinkte eg. Men so traff det meg! Eg forta meg med å bla ned til pokerbordet som eg nettopp sat på. Tankane mine peikte på ein einaste ting. Men det kunne vel ikkje være sant. "Å fy faen, eg spyr!"...

Jepp! Eg hadde satt meg ned på eit play-money bord utan å merke det.

Friday, December 08, 2006

James Bond nr. 49? - Casino Royale

Før eg byrjar vil eg berre sei at eg regelrett hatar dei fleste James Bond filmene til dags dato. Alt frå skurkane til hovudrolleinnhavarane har våre heilt mongis. Vi kjenner James Bond best som Roger Moore, Sean Connery og sjefskuken sjølv, Pierce Brosnan. Kva pokker har desse tre til felles med ein spesialagent? INGENTING! Dei er alle halvfeite-, bleikfeite-, halvgamle-, out-of-shape- og washed-out-flæskeræver. Sjølv den mest udugelige skurk ville dansa på grava til heile gjengen etter ca 3 minutter i det virkelige liv. Det næraste me har komme James Bond til no er Timothy Dalton. Han greier seg ok. Ikkje meir.

Ok. Då har me fått det ut av vegen. No er det på tide å sjå litt på den siste Bond-filmen, Casino Royale. Me har fått ein ny James Bond, nemleg Daniel Craig. Eg har høyrd mange har klaga på at den nye James Bond er blond. Til det vil eg berre seie..."Kva pokker i sinnsjuke satan har det med saken å gjera?" Daniel Craig er tidenes råaste og kulaste James Bond. Endeleg har James Bond fått musklar og skuespelartalent. Endeleg har James Bond fått seg ein god manusforfattar og produsent. Endeleg har James Bond fått seg ein bra intro. Hadde ikkje den forrige filmen Madonna i seg? I say no more. Gå og sjå Casino Royale. Du vil ikkje angra. Til og med Jansen anbefalar den.

Friday, December 01, 2006

Kva skjer på Barsnes?



Her om dagen surfa eg litt rundt og havna på bloggen til Pelle. Etter å ha lest gjennom nokre av innlegga frå "Everyday Pelle" som han kaller seg, så vil eg berre sei ein ting...


Eg er skremt. Ein "post" frå oktober fekk det til å grøsse nedover ryggen. Der hadde nemleg Pelle lagt ut eit bilde frå Barsnes som minna meg om posteren til ein skummel skrekkfilm. Bildet kan du sjå sjølv her. Eg må sei eg er sjokkert. Kva skjer egentlig på Barsnes for tiden? Eg er temmelig sikker på at det som dingler i trærne er menneskeføter. Anyway så er eg vertfall ikkje interessert i å møte "Weekend Pelle."

Tuesday, November 28, 2006

Falske rykter om Pelle-overgang


Eg har merka meg at det er mykje snakk om at eg er i ferd med å gå over til den tyske klubben Hamburg, men eg kan herved avkrefte desse ryktene. Dersom du sjekkar artikkelen til VG er det jo tydeleg at dei slit litt med å få tak på skikkelige fakta. Idiotane klarar jo ikkje å få namnet mitt, moderklubben eller bilde korrekt...
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=169375

Eg kjem til å halde til i PIHK til den dagen eg døyr.

Kvar blir det av Pøkkersfilmen 2?


Etter kjempefloppen "Pøkkersfilmen", låg det lenge i lufta for en oppfølger. "Pøkkersfilmen 2", eller "Pøkkersfilmen 2 part 1", skulle etter planen spillast inn i sommer, men det vart den ikkje som nokon sikkert ha fått med seg. "Me sparka hovudrolleinnhavaren og fant ikkje nåken god erstattar." "Me ventar til HD-kameradn e billige." "Hina deg, manus suge eg mao skriva nåke bedre." "Pimp-productions nekta å flekka fram eit heilt laken." Unnskyldingene er mange, og for så vidt gode. Det som er sant er at ”Pøkkersfilmen 2”-prosjektet ikkje er lagt død. Faktisk så er ein heil del av filmen allerede i boks. Nokre scener er faktisk spillt inn, og ein del av CG-grafikken er ferdig.(Blandt anna ein jordklode-modell i 3D-studio Max som Leif har slete med i fleire år.) Sanninga er at Pøkkersfilmen 2 aldri vil bli lagt på is...aldri. Om det ikkje blir film, så vil vertfall ryktet om ein film alltid leve. Og skulle regisør Leif bli desperat nok kan han alltids kalle den kommande filmen "Last night as a free man", med Jonny i huvudrollen, for "Pøkkersfilen 2." Men film blir det. Om det skal ta oss tredeve år, og tjue forskjellige videokameraer. Teink for ein film det kan bli. Den begynner med standard amatør-kvalitet og går over i amatør HD-kvalitet for så ende opp i full 3D. Teink så kult det blir. For ikkje å snakke om at Pelle, som har hovudrollen, blir 30 år eldre i ein film som forgår over ei veke.

Saturday, November 25, 2006

Summa sumarum: Kjempenes Liga

Både PIHK Pro og PIHK Elite vann den eine av sine tre kampar i det innleiande spelet i Kjempenes Liga. Dette var diverre ikkje nok til å kome vidare i turneringen, og Pøkkers kunne slappe av resten av helga. Det mangla ikkje med innsats frå dei to PIHK-laga, og som vanleg i KL var laga forfulgt av domarfeil og uflaks. Frå å tidlegare ha skapa ein del skader på andre lag, vart det no oppført ein skade på PIHK Pro laget. Eit minutt før den fyste kampen til Pro var slutt klarte Geir Arne Kvam å tråkke over og forstue foten slik at den såg ut som ein møgla melon.


Ein stor takk går til Sigbjørn Haugen som stillte opp som innleigd keeper for PIHK Pro. Ekstra moro var det også at PIHK-pensjonistane Steinar Eggum, Geir Eggum og Andreas Bjelde gjorde eit lite comeback i turneringa. Det viste seg å vere vellukka, då alle 3 var involverte i målgivande situasjonar.

Min andre store takk går til Eirik og Lil Big Gun som gadd å filme ALLE kampane, samt å intervjue PIHK-spelarar, motspelarar og tilfeldige utplukka offer mellom kampane. Så får me berre håpe Leif Arve får tid til å lage ein liten film ut av alt materiale. PIHK-styret forventar ein ny kassasuksess med multiple angles og eit heftig soundtrack.

Takk til PIHK gjengen for nok ei uforgløymeleg oppleving. Neste år kjem sterkare tilbake.

Du kan sjå fleire uklåre bilete på www.clix.to/kinapelle

Wednesday, November 22, 2006

Kven i sinnsjuke satan er Tom Navarsete?

Pøkkers vil å år gjere sin beste kjempenes liga nokongong. Eg forklarar:

1. Me har to lag. Altså dobbelt så stor sjanse for å vinne.
2. Me har mindre folk pr. lag. Det vil bli ein "never before seen" stabilitet på begge lag. Ikkje spelarbytte i hue og rævva.
3. Me har mange nye stortalent. Tom Wolf kjenner berre til fotballspelara som er født den gang Beatles og marijuana vart poppis.
4. Mange spelara er i sitt livs form avdi mange har fast følge.
5. Resten av spelarane er i sitt livs form avdi mange vil væra deiras faste følge.
6. Pøkkers har vært uheldig med dommarane opp gjennom Kjempenes Liga-eraen. I år skal første dommarfeil straffes med "accidental" ballespark.
7. Kenneth Aardal er meir matchvinnar enn nokon gong. Han er matchvinnar kvar kveld. Av og til fleire gonger kvelden.
8. Per Helge HAR faktisk teke med seg gule piller på brunt glas frå Kina.
9. Pøkkers spiller hardt, og PIHK-elite skal spille tidlig om morgonen på lørdag. Ryktet seier at Pøkkers er hardast om morgonen???!!!
10. Kven i sinnsjuke satan er Tom Navarsete?

Tuesday, November 21, 2006

Tom i hodet, eller meistar i analysering?

Tom Navarsete har gått gjennom gruppene i Kjempenes Liga, dette er det han har å seie om PIHK sine to lag:

Gruppe C:
Me trur Pøkkers Pro endar sist. Dei skulle ha satsa på å fått eit godt lag, og ikkje delt det opp i to. No er da deiras eiga avgjersle, men me meinar den er feil. Dette blir diverre for tunt, sjølv om dei har nokre gode spelarar. Men får dei flyten, for flyt må dei ha… so kanskje, kven veit.

Gruppe D:
Me trur Pøkkers Elite ikkje går vidare. Hadde ein matchvinnar i Kenneth Aardal, men han har prioritert kjærleiken i vinter og det kan umogleg slå positivt ut for dette laget. Rapporterast å vera totalt ute av form. Har nokre bra spelarar i forsvar, men dette blir for veikt. Men tradisjonen tru, dei kjeme til å selje seg dyrast mogleg. Manager Hågvar har vore i Kina i fjor vinter, og kanskje han har fått med seg nokre gule piller på brunt glas, for det treng dette laget.

PIHK sigrar i treningskamp nr 2


I kveldens treningskamp mot damelaget "Mafiaen" tok eit blanda Pøkkers lag ein hårfin siger over chicksa. Frøken Gustavsen i Mafia-buret imponerte, men kunne ikkje hindre PIHK i å stikke av med sigeren i kveld. Man of the match på PIHK må vel heilt klart seiast å vere Pelle (bildet), som med sin veltrente og lekre kropp holdt Pøkkers-buret reint gjennom alle 4 omgangar.

Mafiaen har mange gode kvalitetar, og er PIHK sitt favoritt-lag i dameavdelinga i Kjempenes Liga.
PIHK støttar sjølvsagt Mafiaen!

Sunday, November 19, 2006

PIHK - BULLS : 10 - 7

PIHK hadde ein liten treningskamp mot Sogndal Bulls torsdags kveld. Etter 4 omgangar var resultatet 10 - 7 til Pøkkers, og champagnespruten stod i taket. Denne vesle sigeren kan love godt med tanke på Kjempenes Liga, men så må det seiast at PIHK spelte med eit blanda lag, og ikkje inndelt slik dei kjem til å vere i KL.

Monday, November 13, 2006

Har du ei heimeside?


Då bør du legge ut ein pøkkersblog link på sida di. Du kan bruke banneren vår om du vil. Berre klikk på bildet og lagre det. Enjoy!

Thursday, November 09, 2006

Det kryr av pøkkers-videoar del 2

Her er nokon fleire. Den eine med vår store stjerne Pelle og den andre med ein ny, ukjendt karakter. La oss kalle han "Per Provoser"


Pelle: http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1750678

Per Provoser: http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1748901

Tuesday, November 07, 2006

Fronaldo på djupt vatn

Ny videosnutt på gang, som er litt foruroligane denne gongen.

Sjå den her:

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1746321

Thursday, November 02, 2006

Slutten på PIHK?

Noko som kan vise seg å vere slutten på den etterlengta oppfølgjaren Pøkkersfilmen 2 har leke ut på nettet. Det er veldig trist om den dyre produksjonen no har vorte utsatt for lekasjar, men PIHK har ikkje kome med nokon kommentar til klippet.

Du kan sjå videoklippet her:
http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1738175

Frank Robert på dansegolvet


Enda eit nytt videoklipp har dukka opp. Denne gongen har Frank Robert Værn sin utradisjonelle innsats på dansegolvet vorte foreviga.

Sjå snutten her:
http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1738122

Enda ein PIHK-spelar til Fjøra

Sogndal Pøkkers sin ferske spelar Mads A. Therkelsen har no signert kontrakt med Fjøra. Dermed blir han dobbel lagkamerat med Pøkkers-veteran Frode Kvam, samt PIHK-hangarounds som Jan Helge Elvekrok, Ole Petter Hatlevoll og Bujar Gashi. Er det ikkje snart på tide at Fjøra byrjar å betale PIHK for den jobben dei gjer med å dyrke, vedlikehalde og skaffe nye Fjøra-spelarar?

http://fjora.no/Flash/nyhende/2006/okt/therkelsen_klar.htm

Wednesday, November 01, 2006

Utruleg kjedeleg Pøkkers blog

...og dette takka ein stk Pelle. Den siste tida har Pøkkers blogen blitt fyllt med kjedeleg Kjempenes Liga-stoff. Ærleg tala Per...KE mange lagoppsett greie du å pressa ut ao danna mafia-gjengen din? Kem bryr seg? Nei, takk for at Leif er her for å redde lesera frao å drukna i fotball-bullshit. Her er nokre nye morsomme klipp.

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1732719

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1733718

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1733731

Her er eit klipp frao dan kommande Pøkkersfilmen 2

http://www.grapheine.com/bombaytv/v2/play.php?id=51924

Tuesday, October 31, 2006

Sogndal Pøkkers Pro - PIHK 1

Med underskrifta til Sigbjørn Haugen fersk på PIHK-papiret, har begge Pøkkers-laga som er påmeldte til KL keeperar. PIHK's eigne Diddy står i mål for det andre laget. No blir det spanande å sjå kva grupper dei 2 PIHK-laga hamnar i, og om det vert slik at laga må møte kvarandre utover i turneringa.

Sogndal Pøkkers Elite - PIHK2

Dette er det andre av 2 lag som har vorte meldt på til Kjempenes Liga, også her står kvalitetsspelarane klare på rekke og rad.

Nye drakter undervegs


Då har eg bestilt 29 stk spelartrøyer, og 12 stk treningsdressar via Intersport. Reidar virka overlykkeleg over å få inn bestillinga, og eg reknar med han snart dukkar opp i ny bil eller noko slikt, for her snakkar me mykje peng ut for vår del.

Trykk av logoen er også bestilt hjå Paxar. 50 små, og 25 store logoar. På bilete ser du den nye "rygg"-logoen som kjem på treningsdressane, laga - som alltid - av sjefsdesigner Leif Arve Aarøy den fyste.

Sunday, October 29, 2006

PIHK med 2 lag i Kjempenes Liga?

Pøkkers har allereie meldt på dette laget til årets Kjempenes Liga:

Keeper
Rodrigo "Diddy" Bruaas

Forsvar
Mads A. Therkelsen (Lisens)
Nils A. Torstad
Øystein England
Frank R. Værn

Midtbane
Geir S. Alme
Geir A. Kvam
Jan A.Kvam
Steffen I. Lægreid

Angrep
Kenneth Aardal
Jonny Ølnes
Tim Olstad

men i ettertid er det fleire av veteranane som også godt kan tenkje seg å spele.

Andreas Bjelde - forsvar
Steinar Eggum - forsvar (lisens)
Geir Eggum - midtbane
Per Helge Hågvar - allrounder

Det ser derfor ut til at det vert 2 påmeldte lag med minimumskravet på 8 spelarar i kvar tropp. Det problemet som no dukkar opp, er å dele desse 16 inn i nye lag. Og kven skal ta keeper-rolla for lag nummer 2, Jan André Kvam eller Kenneth Aardal (bilete)?

Per i hardt vær

Ein heil del videoar med ei Pøkkersstjerne lekka ut på nettet. Og nok ein gong er det vår elskede Per som må ta støyten.

Sjå sjølv.

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1727735

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1728321

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1729042

Saturday, October 28, 2006

Nok ein videosnutt funnet

I den siste tiden har nettet florert over med videoer om Pøkkers. Den siste henger ut spissen på Pøkkers, Jonny. Du kan sjå den provoserende videosnutten her.

http://www.grapheine.com/bombaytv/v2/play.php?id=51020

Friday, October 27, 2006

Pøkkersfilmen i rute?

Etter gårsdagens oppdaging av ein Pøkkersfilm-trailer på nettet har også eg gjort eit ekstensivt søk for å sjå kor mykje av den komande filmen som har vorte lekka til media og allmennheita.
Det er kanskje ikkje overraskande at det dukka opp nok enda ein ny trailer. No er det berre om å gjere å tette lekkasjen me har innad i rekkene våre.

Den nye teaseren kan du sjå her.

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1725233

Thursday, October 26, 2006

Ny usmakelig Pøkkersreklame på nettet


Her om dagen snublet eg over ein reklame for Pøkkers. Kven som står bak veit eg ikkje, men den var verfall usmakelig. Du kan sjå den ved å trykke på linken under.

http://www.grapheine.com/bombaytv/play_uk.php?id=1723262

Ny drakt?



Skjorta koster 150 kr og dressen koster 700 kr. Skal du ha? Kontakt Per Helge.

Ny laginndeling

For om mogleg å få enda betre utnytting av treningane har eg no delt opp i 3 BRAND NEW'e lag.
Det er fint om folk møter opp minst 10 minuttar før trening, slik at me kan avslutte syklubben til klokka 21 og byrje å trene så fort me får bana.

Kvitt lag (kvit overdel ja)
Lars Håkon
Mads A.
Kjetil
Geir Sveinung
Nils A.
Lil Big Gun
Jonny

Svart lag
Jan Helge
Jermund
Bjarte
Frode
Geir Arne
Kenneth
Eirik

Raudt/grønt/gult/spragla lag
Øystein
Frank R.
Vegard
Steffen
Pelle
Tim
Jan André

Laga spelar med ein innbytar i gangen, altså spelar 6 på kvart lag. Diddy byter rundt på laga som keeper.

Tuesday, October 24, 2006

Påmeldt lag til KL06

Dette er troppen PIHK stiller med i årets Kjempenes Liga:

Rodrigo "Diddy" Bruaas
Frank R. Værn
Mads A. Therkelsen
Øystein England
Nils A. Torstad
Steffen I. Lægreid
Geir S. Alme
Geir A. Kvam
Jan A. Kvam
Kenneth Aardal
Jonny Ølnes (bilete)

Gudfaren er også i troppen, men reknar ikkje med å spele med mindre det vert skader eller uforutsette hendingar. Grunna ein del interne konfliktar i klubben tek han ansvar og blir ståande å organisere på sidelinja.

Monday, October 23, 2006

Laginndeling på trening

Diktatoren ha satt opp to lag som skal samkøyrast førstkomande trening. Det kan bli forandringar på laget etter kvart dersom det syner seg at det er skeiv fordeling.

Svart lag (møter opp i svart/mørk blå overdel):
Frank Robert
Øystein
Steffen Inge
Geir Arne
Kenneth

Kvitt lag (møter opp i kvit/lys overdel):
Mads
Nils Arne
Geir Sveinung
Jan André
Jonny

Resten av gjengen møter opp i dei fargane dei vil og dannar eit tredje lag. Enkelt og greitt.

Enkelte personar (jamfør biletet) har allereie byrja bitche om laga, men dette kan de rett og slett berre gløyme. Kom gjerne med forslag om forandringar, men ikkje bræl som små grinungar.
Shit runs down hill, og altså ikkje opp til meg...
Har de problem, så ta det opp med consiglieren min - Jonny - og han tek det vidare til meg.

Sunday, October 22, 2006

R. Diddy klar for Kjempenes Liga!!!

Rodrigo "Diddy" Bruaas har fått innvilga dispansasjon til å vere med i årets KL, og blir dermed ståande i PIHK-buret denne turneringa. Ungstjerna er egentleg under aldersgrensa, men fekk heldigvis lov å vere med og blir dermed ein utruleg verdifull spelar PIHK i år. Gjennom treningane hittil har han imponert PIHK-styret enormt med sine vannvittige feber-redningar og reaksjonar. Praise the lord!

Saturday, October 21, 2006

Foreløbig tropp i KL

Desse 9 har meldt seg på i troppen til Kjempenes Liga, og har dermed lova på tru og ære at dei skal vere med i turneringa den 24. og 25. november:

Frank R. Værn
Geir S. Alme
Jan A. Kvam
Jonny Ølnes
Kenneth Aardal
Mads A. Therkelsen (lisens)
Nils A. Torstad
Steffen I. Lægreid
Øystein England

I tillegg har me søkt om dispansasjon for å bruke Rodrigo "Diddy" Bruaas i mål, så han er eventuelt også bli med i troppen om han blir tilleten. Gudfaren har enda ikkje bestemt seg for om han skal ta aktiv del som spelande manager, eller om han skal halde seg på sidelinja som dresskledd manager.

"Det kjem an på kor mange spelarar me til slutt endar opp med på laget. Det er ynskjeleg at me har eit lag som får konsentrert seg mest mogleg om det å faktisk spele kampane, og dette vert vanskeleg om det er så mange i troppen at ein må skifte inn og ut spelarar heile tida. Eg har vorte fortalt konstante spelarbyte var eit problem sist år, då eg ikkje var her å organiserte," - fortel Gudfaren i eit intervju med seg sjølv.

Tuesday, October 10, 2006

Frank er kapra


Etter at det vart kjend at Frank Robert låg blant topp 5 på formuetoppen i PIHK har han vorte nedrent av damer. Allereie dagen etter lista vart lagt ut kunne Frankyboy bekrefte at han hadde fått seg dame og at han no er opptatt.

Monday, October 09, 2006

Pøkkers blog hacket


Pøkkers blogen har blitt hacket etter at inntektstopp og inntektsbunn har blitt publisert. Foreløbig veit Pøkkers ingenting om kven som står bak, men det mistenkes at det kan være nokon som befinner seg på "Botn 5 inntekt"-lista.

Saturday, October 07, 2006

Jonny enda eldre


Jonny Ølnes har fødselsdag i dag, og blir enda eit år eldre enn sist. Er det eigentleg nokon som veit kor gamal han er? Det er i alle fall ein godt bevart hemmeligheit. Gratulerar med dagen!

Friday, October 06, 2006

PIHK's Topp 5 inntekt og formue 2005

For alle kvinnelige fans og golddiggers, her er PIHK-spelarane du bør gå etter!

Topp 5 inntekt:
1.
Geir Sveinung Alme : 311 980 kr
2. Lars Håkon England: 249 785 kr
3. Jermund Breili : 219 614 kr
4. Jan André Kvam : 207 482 kr
5. Jonny Ølnes : 176 723 kr

kommentar: Merkeleg nok er alle desse karane tekne vekk frå hugleiksmarknaden, og to av dei har faktisk born også.

Topp 5 formue:
1. Jermund Breili : 606 397 kr
2. Lars Håkon England : 171 766 kr
3. Tim Olstad : 171 425 kr
4. Frank Robert Værn : 111 926 kr
5. Geir Sveinung Alme : 61 724 kr

kommentar: Små forandringar frå inntektstoppen. Tim og Frank er komne inn på lista, 2 karar som foreløbig er single, men som nok ikkje kjem til å være det lenge etter at denne posten vert lagd ut på internettet.

Botn 5 inntekt:
som dame bør du unngå desse som kolera og pest!

1. Per Helge Hågvar : 10 026 kr
2. Bjarte Idsø : 10 258 kr
3. Steffen Inge Lægreid : 37 041 kr
4. Leif Arve Aarøy : 39 158 kr
5. Mads A. Therkelsen : 72 510 kr

kommentar: Egentleg tjente Tim Olstad minst med skarve 1246 kr, men sidan han har så mykje formue, ryk han ut av denne lista og etterlatar trona til Pelle.

Lysande framtid for PIHK

Framtida til Pøkkers ser lys ut for tida med gjennomsnittleg rekord-oppmøte på treningane kvar onsdag.

3 juniorar har kome til klubben og imponert seniorane. Gunnar, Lil Big Gun, Onarheim har vore med oss ei stund, og viser gode takter. Rodrigo, Diddy, Bruaas har kun vore på 1 trening hittil grunna skader og sjukdom, men imponerte då stort og virkar lovande som arvtakar for Jan André Kvam i PIHK-buret. Eirik Rømo hadde ein pangdeby på sist trening då han rundspelte gamlingane og viste fram nydelege kombinasjonar med tidlegare nemnde Onarheim.

PIHK's nye spelar Tim Olstad har imponert stort hittil. Innehavaren av mangt eit svart belte har irritert dei fleste av PIHK spelarane med sitt utruleg låge tyngdepunkt. Samt ei emne til å vere akkurat der han skal til einkvar tid - eller der han helst IKKJE skulle ha vore - dersom du spelar på det andre laget.
Vår andre nye spelar Mads A. Therkelsen har også imponert stort, men det vert nok litt urettferdig å samanlikne han med resten av gjengen, då denne karen faktisk har ei lovande framtid innanfor sporten. Ein mildt sagt viktig defansiv spelar for PIHK.
I tillegg har PIHK fakka interessa til Jan Helge Elvekrok, ein vaskekte Jostedøl. Som Fjøra-spelar kan ein vel også lett påstå at han held eit høgt nivå.

Med andre ord har det vore ei tilfredsstillande rekrutering til PIHK dette året, der kvalitet tydelegvis har gått foran kvantitet - slik det bør gjere. Spørsmålet no er berre om ein skal stille med eitt eller to lag i KL.

På tampen må eg få skryte litt av ein (no) senior-spelar som har haldt eit høgt og jamnt nivå på treningane i det siste, nemleg Geir Arne Kvam. Det er ikkje mange av veteranane som syner slik innsats som denne karen har gjort.

Storhallen igjen


Desse 15 er påmeldte til storhallen hittil: Alme, Breili, 2 x England, Hågvar, Idsø, 3 x Kvam, Lægreid, Olstad, Therkelsen, Torstad, Værn, Ølnes.

I tillegg prøver eg å få med juniorane Bruaas, Onarheim og Rømo, som alle får tilbod om redusert pris.
Idsø blir med oss i 4 av 6 veker grunna skiftarbeid og vil få sin pris redusert deretter. Dersom andre har det på same måten må dei sei ifrå til meg.

Thursday, October 05, 2006

Storhall update

Etter mange unnskyldningar og beklagelsar fekk eg endeleg ordna ein leigeavtale med storhallen i dag. Det vert treningar frå og med neste veke, fram til KL i slutten av november. Det blir altså 6 veker med onsdags-treningar frå kl 2100 - 2230. Eg har allereie 11 påmeldte PIHKs, så dette lover godt.

Eit innblikk i Leifen sitt kjærleiksfyllte liv - Leifen prøver no limit hold'em

Her en dag satte eg meg ned på et $0.15/$0.25 no limit hold'em-bord. Eg er vel stregt tatt ingen no limit-spiller, men har prøvd dette før med stort hell. Eg kjøper meg inn for 8 US dollar. Noe som tilsvarer ein femtilapp. Kortene eg får er av variabel kvalitet, men eg greier likevel å bløffe meg opp til 15$. Vel...ikkje alt var bløff. Litt seinere får eg ein flush på river mot Mr. X sitt floppet sett(tre like). Mr. X tar dette tungt å begynner å spille meir agressivt. "Kult!," teikjer eg. "No er han nok godt laus i chippsa!"
Eit par hender seinare skjer følgende...

Eg får T7UTG og ser med 0.25$. Mr. X ser også, og big blind checker. Floppen kommer 9 8♣ 5. Ser man det ser man det. Treffer eg her så kan dette bli lønnsomt. Foreløbig har eg ingenting, men eit opent straighte-drag er ikkje å forakte. Sete 2 better. Eg og Mr. X ser.
Turnen leverer som bestillt ein 6♣.
Eg set no med "nutsa", eller den best mulige handa om du vil. Håpet mitt nå er at nokon set på ein 7. I såfall er det "payday."
Sete 2 checker. Eg vel å gamble med "nutsa" og satser berre 1$. Det er to flushedrag ute no, og eg har ingen av dei. Mr. X ser meg. På riveren kommer A♠. Perfekt!
Den einaste måten eg kan tape denne handa no på er om eg uheldigvis kommer til å trykke på fold-knappen. Eg har den beste handa og kan derfor ikkje tape denne potten. No gjelder det å få mest mulig penger frå Mr. X. Han sitter i øyeblikket med 22 $. Eg satser 1,5 $. Et nærmest "eg har ingenting"-bet. Mr. X slår om til 3 $. Eg tenkjer litt før eg går all-in. Dette kan sjåst som eit desperat forsøk på å stjele potten. Om Mr. X har en sjuer så vil det være vanskelig å kaste seg her. Det finst jo berre ei hand som kan slå han. Mr. X må ut med ytterligere 15 $ for å sjå at hans Q7smuldrer opp på skjermen hans. Potten blir 38 $. En uvanlig stor pott for meg er svært velkommen.


Tuesday, October 03, 2006

Eit innblikk i Leifen sitt actionfyllte liv - Slutten på influensa?


På søndag begynnte eg å føle meg litt halvdårlig. Akuratt som starten på ei influensakule. Eg var svimmel, slapp(men ikke overalt) og eg venta vel egentlig berre på at halsen skulle verte som sandpapir...men den gang ei. Eg får ALLTID ilt i halsen før eg blir skikkelig sjuk. Og det begynner ALLTID slik som over. Slapp, svimmel og så sjuk. Denne gangen vart eg berre frisk igjen. Det har aldri skjedd. Det er første gangen eg har spådd influensa, eller noe dritt, og bomma. "Det er nok influensa," sa ein eg bur med. "Alle har eller har hatt det i det siste. Du må nok ikkje tru du kan sno deg unna."
"Jasså...det var da som pokker!," tenkte eg.
No, to dager seinare begynner eg å teinke. Har kroppen min greidd å ta rotta på influensa-viruset? Ligger svaret på ein endelig løysning mot influensa i meg? Er Pelle homofil?

Thursday, September 28, 2006

Frank tek ein Michael Jackson


Snekkar-Frank fekk ei plate (?) midt i fjeset i går, onsdag, på jobb, og fekk kappa nasen sin tvert av. Med nasen i handa gjekk turen til nærmaste lækjar som sydde nasen på at med heile 2 sting! Dermed er Frank'ern ute av drift dei neste 7 dagane, medan han ventar på at Pinocchio'en skal roe seg. God bedring playboy.

Fronaldo i media igjen


Ein PIHK-spelar vart nemnd i Sogn Avis måndag (ja, eg er litt seint ute med denne nyhenda). Frode Kvam fekk lurt til seg eit gult kort for Fjøra, då laget hans diverre tapte mot Sogndal 2.

http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article2312456.ece

Wednesday, September 27, 2006

Steinar har krutt i pungen!


PIHK-veteran Steinar Eggum fekk tysdag kveld ein nydeleg liten Pøkkers-babygut med kløft i haka. Ungen er 52 cm lang og vog 4 kg då han sklei ut av mor si med oransje fotballsko på føtene.

Pøkkers gratulerar!

Tuesday, September 26, 2006

Eit innblikk i Leifen sitt uvesentlige liv - Straumleverandør med dårlig samvittighet

Det såkalla "rottehuset",som eg bur i her i Bergen, er kjendt i det langstrakte land for å være alt anna enn strømvennlig. La oss ta eit eksempel. Tidlig i vår fekk me ein fin-fin straumrekning på 5800 kr. Ganske "heavy" for ein strømrekning å være. Vel...det er nok en gang sesong for griske straumleverandørar, men kva var det som plompa ned i postkassen denne gang? Jau ein straumrekning på heile 500 kr(femhundrekroner). Femhundre? Me som vanligvis må ut med minimum 3,5 laken. Trenger eg seie at nyhenden vart feira med å skru på samtlige vaskemaskiner, tørketrommler, varmekabler og diverse straumsugende dingser?

Ny pøkkers blog


Long legs har laget den nye Pøkkersblogen. Han brukte 1 minutt på den.

-Leif Arve aka LongLegs